Kunstnartreff
I samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer vi til kunstnartreff.
Kunstnarstipenda i Møre og Romsdal skal bidra til kunst av høg kvalitet i regionen. Det skal bidra til at kunstnarane kan bu og arbeide her. Men fungerer det? Og kvifor er det viktig?
I dette kunstnartreffet vil du få møte Ragnhild Aamås, styreleiar i Unge kunstneres samfund og høyre hennar tankar om dette, samt mottakarar av Møre og Romsdal sitt kunstnarstipend Liv Sønderland, kunstnar, Ai-Ling Chiu, musikar, Ine Harrang, kunstnar, Elida Linge, kunstnar, Tendai Makurumbandi, dansar, Mari Helene Høyberg, filmskapar, Britt Elise Skram, musikar og Arne Torvik, musikar. Dei vil fortelje om sine prosjekt og dele sine erfaringar.
Det er ein ambisjon å ha ein møteplass mellom kunstnarar på tvers av uttrykk som kan gi nye og spennande samarbeid. Møre og Romsdal fylkeskommune og Møre og Romsdal kunstsenter ønsker også å vere med på å synleggjere kunstnarane og arbeidet dei gjer.
Vi ønsker kunstnarar, studentar, kommunar og kunst- og kulturinstitusjonar og andre interesserte er velkommen til å delta denne kvelden.
Det blir enkel servering og mingling frå kl. 16.30.
Program
17.00-17.40: Ragnhild Aamås – UKS
17.40-17.50: Pause
17.50-18.50: Presentasjon ved kunstnere
18.50-19.00: Pause
19.00-20.00: Presentasjon kunstnere
Gratis med påmelding. Meld deg på her