11. mars — 20. mars 2026

Følger åpningstidene til Molde bibliotek:
Onsdag: 18.00-19.00
Torsdag: 10.00–19.00
Fredag: 10.00-16.00
Lørdag: 10.00-15.00
Søndag: 12.00–16.00

Teaterfest 2026
Kunsten i livet – diktaren Jon Fosse

Kva er det som gjer eit liv til kunst? Og kva gjer kunsten med livet?
Utstillinga Kunsten i livet – diktaren Jon Fosse inviterer publikum inn i tekstane, tankane og stemma til Jon Fosse – ein av vår tids mest markante forfattarar og dramatikarar.

Gjennom sitat, dikt, bilete og refleksjonar møter vi ein forfattar som har gitt det enkle, det usagde og stillheita ein heilt eigen plass i litteraturen.

I utstillinga finn ein også bøker og manus å lese i, og eigne stader der publikum kan setje seg ned og fordjupe seg i tekstane. Nobeltalen hans vil bli vist, eit sterkt vitnesbyrd om kva skrifta har betydd i livet hans. Med denne utstillinga ønskjer vi å synleggjere korleis livet og kunsten hos Jon Fosse er tett vovne saman og korleis litteraturen kan opne nye rom i oss sjølve.

Utstillinga er organisert i samarbeid med Teateret Vårt og Molde bibliotek