Fagerlia videregående skula i Ålesund
Produksjonsår 2020
Bygg: Fagerlia vidaregåande skule – nybygg sør
Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune
Arkitekt: Kosbergs Arkitektkontor AS ved Kjell Kosberg og Ivar Gussiås
Medlemmar i kunstkomiteen:
Kjell Gunnar Overøye, kunstnarisk konsulent for prosjektet
https://www.kjellgunnaroveroye.no
Dagfinn Storvik, prosjektleiar, Ivar Gussiås, arkitekt, Claus
Reiners, Møre og Romsdal fylkeskommune, Tor Andreas Dyrseth, kvalitetsleiar Fagerlia vgs., Tone Britt
Myrseth, lærarrepresentant, Fagerlia vgs.
Kunstnere
Kjetil Aschim og Stian Korntved Ruud
Kjetil Aschim står for solide handverksløysingar og originale tilnærmingar gjennom mellom anna gjenbruk av materiale. Han har også ein god porsjon humor i sin kunst, noko komiteen trur kan vere positivt i ein skulekvardag. I tidlegare utsmykkingsprosjekt viser kunstnaren evne til å arbeide fram meiningsberande løysingar med utgangspunkt i staden sin karakter, funksjon, historie og arkitektoniske uttrykk.
Stian Korntved Ruud har i sine arbeid ei leikande tilnærming der design og kunst smeltar saman til underfundige objekt som kan peike i ulike retningar – her kan både lyd og rørsle vere overraskande ingrediensar i tillegg til det reint visuelle, også han med sterk formforståing og kvalitet i handverket.
Dei to representerer ulike kunstnariske uttrykk som vi meinar kan bidra til mangfald og variasjon i utsmykkingane. Begge arbeider hovudsakleg med harde materiale som metall og tre. Dei kan vise til god innsikt i handverk og tekniske løysingar som står seg over tid.