Kunstkonsulent Ørsta kompetanse- og kultursenter (Ørsta KKS)

Møre og Romsdal fylkeskommune søker kunstkonsulent til kunstprosjekt til Ørsta kompetanse- og kultursenter.

Om oppdragsgivar:
Møre og Romsdal fylkeskommune og Ørsta kommune samarbeider om prosjektet. Konkurransen blir administrert av Møre og Romsdal fylkeskommune ved prosjektleiiar for Ørsta KKS, Yngve Solemdal.

Om oppdraget:
Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Ørsta kommune. Bygget er eit fleirfunksjonsbygg i Ørsta sentrum, med ny yrkesfagleg vidaregåande skole og kultursal, bibliotek, kino, kulturskole og fellesareal. Bygget blir etablert i Ørsta sentrum, og prosjektet er ein viktig del av kommunen si plan for sentrumsutvikling.

Målsettinga er at bygget skal vere ein møteplass som gir aktivitetar i sentrum, og bidreg til tettstadsutvikling og samfunnsutvikling. Arkitekt for prosjektet er Pir2 ved Sverre Winther.
Det vil bli satt ned eit kunstutval sett saman av representantar frå byggeprosjektet, arkitekt og brukarrepresentantar.

Nøkkeloppgåver:
Kunstkonsulenten har ansvaret for den faglege og praktiske gjennomføringa av kunstprosjektet. Kunstkonsulenten skal vere ein del av eit kunstutval og skal samarbeide med utvalet om kunstplan og rettleie utvalet. Kunstkonsulenten følger opp kunstnarane sitt arbeid fram til ferdigstilling, montering og overtaking. Ved oppstart av oppdrag skal det gjennomførast eit oppstartsmøte med kunstutvalet for avklaringar og forventningar til kunstplan.

Kunstprosjektet skal i hovudsak resultere i unike produserte verk, gjerne konsept som tar utgangspunkt i staden og kulturen.

Arbeidet i kunstutvalet startar direkte når konsulenten er på plass. Søkar må kunne starte arbeidet rett etter tildeling av oppdraget.

Økonomisk ramme:
Budsjettet for kunstprosjektet har ei ramme på 5 250 000 kroner. Dette inkluderer alle utgifter knytt til prosjektet, som honorar til kunstnar, honorar til kunstkonsulent, frakt, montering, reiser med meir. Kunstkonsulenten sitt arbeid vil gå føre seg innanfor ei ramme på 15% av det totale budsjettet. Det skal settast av 5% til å dekke kunstavgifta.

Søknad:

Frist for å levere tilbod er torsdag 5. februar. Dokumenta skal vere sendt via Mercell portalen innan dette tidspunktet. Det er tilbydar sitt ansvar at tilbodet er komplett og avlevert innen fristen.

Frist for å stille spørsmål er 2. februar, og spørsmål sendast inn i Mercell:
https://www.mercell.com/nb-no/anbud/274555112/2026-010-k1802—oersta-kks—kunstkonsulent-anbud.aspx